Ulvik Sommarfestival 6.-9. Juli 2017

NM i pallepadling vert utført på ein racermodifisert spesialpalle som er utvikla av Skeie Tre.
Pallen er standardisert med omsyn til form, vekt og flytemiddel, og det vert konkurert i klassane individuelle dame/herre og stafett damer/herrer.
Det er ikke høve til å nytta andre pallar enn "Standard padlepalle" og dei vert stilt til disposisjon på konkurransearenaen.

Ulvik Sommarfestival starta som ein uhøgtidleg og sjarmerande fiskefestival for heile familien. Ta med heile familien og bli med når me i år arrangerer festival for 16.gong!

Programmet startar som smått torsdag 6.juli med både konsert og quiz for dei vaksne og disco for dei unge håpefulle. Vidare byr festivalen på mellom anna dette:

NM i pallepadling, moteshow, Eliasbåten, fiske-konkurranse på fjorden, andeslepp i elva, sommarquiz,  grilling i hotellhagen og fleire konsertar og underhaldningsinnslag er noko av programmet denne helga.

Laurdag kveld spelar SPLINT til dans på hotellet.

Fullstendig program vil verta sleppt utpå våren, men sikra deg rom til deg og dine allereie no!

Pris per person i dobbeltrom frå kr 2.500,- inkl full pensjon f.o.m middag fredag t.o.m frukost sundag.

Barnerabattar:

Pris per barn 4 til 15 år i ekstraseng i foreldra sitt rom kr 1250,- inkl full pensjon fom middag fredag tom frukost sundag. Under 4 år, gratis utan eiga seng i foreldra sitt rom. Babyseng kr 200,-

Under fiskekonkurransen kan ein kun nytta handsnøre og stong, - kor mange er avgrensa til kva du klarer å holda kontroll på. Etter fiskekonkurransen vert det høve til å kjøpa grillmat i hotellhagen. Her kan ein òg få førebudd og grilla fangsten sin.  Spente deltakarar under veginga av fangsten. Kanskje vert det premie for største blekksprut eller skjeldnaste art?
Brakanes Hotel Group