Haustfest og oktobertorg, 5. - 7. Oktober

Ei helg som bugnar av lokalprodusert mat, drikke og handverk, kulturell føde samt mange aktivitetar og opplevingar for små og store heile helga gjennom.

Helga startar allereie fredag kveld med konsert på Lekve Gard i regi av Olav H. Haugesenteret. Årets fruktslepp-konsert er med Endre Olsen m/band. Arrangementet er ikkje inkludert i weekendpakken og billettar vert lagt ut for sal i  midten av august ( Les meir og kjøp billett på www.haugesenteret.no ). Hotellet kan tilby transport med buss t/r Lekve Gard kr. 200,- per person. Ver venleg å oppgje ynskje om transport ved bestilling av opphald.

Då Endre Olsen i vår gav ut sitt første album på norsk, «Bøttevis med blått», vart det omtala som ein komande klassikar. Terningane har hatt fem og seks auge, og han vert samanlikna med store visesongarar som Tønes og Stein Torleif Bjella. Men Endre Olsen har sitt heilt eige og energiske lydbilete. Han hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. Akkompagnert av kjende musikarar frå Bergens musikkscene, leverer han velkomponerte tekstliner på syngjande Storddialekt. Vi torer å seie at dette vil du ikkje gå glipp av!

Laurdag er det torgdag med mange stands, stort loppemarknad i regi av Lions, auksjon med breidt utval, lokalmat servert ved langbord og aktivitetar for borna i regi av haugesenteret og Cittaslow-rådet. Her kan du også delta på årets eplekakekonkurranse. Innlevering av kake laurdag føremiddag.

Olav H. Haugesenteret har ope utstilling og museumsbutikk. Ulvikatorget som er utsalsplass for over 30 lokale produsentar har også ope på dagtid. 

Om ettermiddagen klokka 16.00 vert det arrangert Fruktslepp på Frukt- og siderruta. De veljer sjølv omvisning på den garden som passar deg best. Og de får sjølvsagt smake sider frå Ulvik. Endeleg får de til og med kjøpa sider med heim, då det no er opna for sal av sider direkte frå garden. Les meir om dei 3 gardane på www.siderruta.no

Om kvelden er det haustfest på Brakanes Hotel, med hardangermat og dans etter middag. Det blir høg allsongfaktor og tettpakka dansegolv!

Søndag har Syse Gard og Ulvik Frukt&Cideri ope mellom kl. 11.00-14.00. Denne dagen har Syse Gard gardskafè med salg av lappar og kaffi, og gardutsalg med ferskt lammekjøt, foredla frukt, eple, nypressa råsaft m.m. Ulvik Frukt&Cideri har sal av eple frå gamle eplesortar, eplemost, nypressa råsaft av eple m.m.

Prisar:

Pris per person fredag til laurdag i dobbeltrom frå kr. 1.930,- som inkluderer middag og frukost samt Fruktslepp.
Tillegg for enkeltrom kr. 250,-.
Billett til konsert fredag kveld på Lekve Gard er ikkje inkludert men kan kjøpast direkte via www.haugesenteret.no.Transport t/r Lekve Gard kan bestillast i resepsjonen på førehand, kr. 200,- per person.



Pris per person laurdag til søndag i dobbeltrom frå kr. 2.130,- som inkluderer Fruktslepp, Hardangerbuffet, dans og frukost dagen etter.
Tillegg for enkeltrom kr. 250,-.
Prisen inkluderer opphald med hardangerbuffet laurdag, frukost søndag samt dans til levande musikk laurdag kveld.

Pris per person per weekend i dobbeltrom frå kr. 3.450,-
Tillegg for enkeltrom kr. 500,- for heile helga.
Prisane inkluderer fullpensjon fom middag fredag tom frukost sundag, Fruktslepp og dans. 
Billett til konsert fredag kveld i regi av Haugesenteret er ikkje inkludert men kan kjøpast direkte via www.haugesenteret.no.


Om ynskjeleg kan me tilby fleire oppgraderingar av rom mot tillegg i pris:

Superior rom med fjordutsikt (nyoppussa 2018) kr. 300,- per døgn

Lux rom med fjordutsikt og balkong (nyoppussa 2018) kr. 400,- per døgn

Juniorsuite med fjordutsikt og balkong (nyoppussa 2018) kr. 1.500,- per døgn

Suite med fjordutsikt og balkong (nyoppussa 2012) kr. 2.500,- per døgn

Velkommen!

Brakanes Hotel Group