Ulvik Fiskefestival 6. - 8. Juli
![]() |
| NM i pallepadling vert utført på ein racermodifisert spesialpalle som er utvikla av Skeie Tre. Pallen er standardisert med omsyn til form, vekt og flytemiddel, og det vert konkurert i klassane individuelle dame/herre og stafett damer/herrer. Det er ikke høve til å nytta andre pallar enn "Standard padlepalle" og dei vert stilt til disposisjon på konkurransearenaen. |
Ein uhøgtidleg og sjarmerande festival for heile familien, små som store. NM i pallepadling, fiskekonkurranse med fleire klassar, fiskequiz, ”afterfish” med grilling og premieutdeling samt fiskardans er noko av programmet denne helga.
Påmelding av pallepadlingslag à 4 personar innan 1.juli til ingrid@bhghardanger.no
Premie til raskaste lag og til mest kreative lag.
Pris per person i dobbeltrom frå kr 2.395,- inkl full pensjon f.o.m middag fredag t.o.m frukost sundag og deltakaravgift på fiskekonkurransen.
Ulvik fiskefestival starta i 2001 med fiskekonkurranse og "Afterfish". Det vart eit populært tiltak og ein har sidan utvikla festivalen til å verta ei helg der tilreisande og fastbuande, ungar som vaksne, kan delta i eller vera tilskodarar til ei rekke arrangement.
Me har lagt vekt på at alle skal få nokon hyggelege stunder, der det uformelle og morosame skal dominera!






