Bluesweekend 10. - 12. februar 2012

Vår etter kvart så tradisjonsrike Bluesweekend går av stabelen 10.-12.  februar. Her vert det gjensyn med gamle kjenningar, men og møte med nye, spanande artistar.
For deg som likar god musikk i godt lag er dette ein opplevelsesrik weekend  med Hungry John & Freddie Johnson, Vetrhus Bluesband, Yngve & His Boogie Legs, Bergen Blues Band og ikkje minst vår eigen Olav Undeland.

Fredag 10.02.

Brakanes kurs- og konferansesenter:

Olav Undeland

Vetrhus Bluesband

Laurdag 11.02

Hall: (gratiskonsert ettermiddag)

Hungry John & John Freddy Johnsen

Brakanes kurs- og konferansesenter:

Olav Undeland

Bergen Bluesband

Yngve & His Boogie Legs

 

Ta med blues-vener til Brakanes Hotel denne helga.

Pris per person i dobbeltrom frå kr 2.595,- inkl full pensjon fom middag fredag tom frukost sundag, og alle konsertar.

     
Det er meir enn 30 år sidan Bergen Blues Band ga ut si fyrste plate og gjorde internasjonal suksess. Dette bandet reiste Noreg på kryss og tvers og opparbeida seg ein ENORM fanskare. Me gler oss til å ynskja dei velkomen til Ulvik! Noregs råaste Bluesband Live! Vetrhus Bluesband syner ein ekte entusiasme og speleglede frå scenen som du seint vil gløyme, det er praktisk talt umogeleg å sitje roleg på stolen når Vetrhus-toget kjem opp i stor fart,  - og det skjer frå første låt. Gled deg! Ulvik sin store blues-son, Olav Undeland , har markert seg som ein av dei fremste utøvarane av ”førkrigs-blues” her til lands. Han serverar lett, svingande, akustisk blues. Han framfører eigne låtar og hits frå 20-talet samman med historiar frå bluesen sin barndom.
Brakanes Hotel Group
Rica Partner Hotel