Selskap

Brakanes Hotel arrangerer gjerne både små og store selskap. Me har flotte lokale som passar til alle typar selskap og ikkje minst ute i vår flotte hotellhage med fjell og fjord som kullissar. Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjonar, og dette er ein viktig del av opplevinga på Brakanes Hotel.

SELSKAPSLOKALE:

Restauranten på Brakanes Hotel er stor og open med panoramautsikt over fjordlandskapet.

• Kapasitet inntil 280 personar i Restauranten og inntil 500 i bankett i Konferansesenteret

• Kan delast i 3 separate lokale.

Me har fleire separate selskapslokale av ulik storleik som er eigna for bryllaup, jubileum, konfirmasjon eller andre selskap.

MAT OG DRIKKE

Samarbeid med lokale produsentar gjer at me kan servere mat med heilt ferske, lokale råvarer, og desse er viktige samarbeidspartnarar og leverandørar for oss. Me har eigne festmenyar som kan kan tingast på førehand.

JOLEBORD - JOLESMAK MED OMTANKE

Våre tradisjonsrike jolebord er kjend for god og heimelaga mat. Kvart år lagar kjøkenet vårt pinnakjøt, svinerull, lammerull, gravlaks, karamellpudding, jolekaker og mykje anna godt etter mange av dei same oppskriftane som "sjefskokka" brukte for meir enn 40 år sidan.

Kontakt oss for meir informasjon og bestilling.

BRYLLAUP

Hardanger og Ulvik er nasjonalromantikkens høgborg, og perfekte omgjevnader for den spesielle dagen. Her har me alle fasilitetar, både for dei som ynskjer eit majestetisk selskap med mange gjester, og dei som vil ha ein intim og romantisk middag med dei næraste.

Kontakt oss for samtale, visning og meir informasjon. booking@brakanes.no

ØVRIGE SERVERINGSTILBOD:

Uteservering er ope i sommermånadane.

Eigen terrassemeny. Lobbybar. Dansebar/Nattklubb og Pub.

Brakanes Hotel Group
Rica Partner Hotel