Brakanes Hotel i 150 år
FRÅ SKYSS-STASJON TIL STORHOTELL
Sjur Johnsen Brakanes bygde hus og skysstasjon i Ulvik i 1860, med 5 rom, 3 reservehestar om sumaren og 1 om vinteren. I 1891 utvida Sjur skysstasjonen til i alt 50 rom. Frå 1924 fekk barnebarna Sara og Marta eineansvaret for hotellet, då faren Hans Lindebrække gjekk bort. Systrene Lindebrekke dreiv godt og vart viden kjende for sin gjestfridom. 25. april 1940 vart heile Ulvik sentrum skoten i brann av tyske krigsskip.
GJENOPPBYGGING ETTER KRIGEN
Etter krigen ville systrene Lindebrekke bygge opp att hotellet, og planla ei utbygging i to etappar. Brakanes pensjonat vart reist bak branntomta og opna 26. juni i 1949. Systrene Lindebrekke, med bror og fylkesmann Gjert i spissen, danna eit aksjeselskap for å byggje eit hotell i europeisk toppklasse. Hotellet vart innvia 9.mai i 1952 med 124 senger, 44 bad, spesialteikna møblar og tekstilar, og eit gjennomført stilfullt interiør. Brakanes Hotel presenterte seg no som landet sitt leiande fjordhotell.
NOTID
Sidan har mange kjende og ukjende gjester vitja oss. Også prinsesse Juliana, denne gongen som dronning Juliana av Nederland. Brakanes Hotel og Brakanes Kurs - og konferansesenter er i dag eigd av Bodil og Per Ove Pedersen, med Vertskapsparet Tine Pedersen og Knut Arve Hakestad.


