Superior og lux-rom

Alle våre framsiderom har utsikt mot fjorden og vart pussa opp vinteren 2018, i ein lys nordisk stil. I denne kategorien fins både enkle rom, doble rom og familierom. Ein del av romma har balkong (lux) og resten har fjordutsikt utan balkong (superior). Nokre lux-rom har også nye, lyse bad. Det fins rom med tepper og med parkett. Dei fleste romma har badekar med dusj, medan andre kun har dusj.

Me har fleire større framsiderom med sofagruppe og desse romma passar godt for familiar då sofaen kan slåast ut til seng for born og i tillegg ha plass til ekstraseng. Nokre av romma har også dør inn til neste rom, slik at familiar kan dele seg mellom to rom men likevel vera tilknytt kvarandre.

Superior og lux-romma våre har:

  • Fjordutsikt - ein del har balkong
  • Bad med dusj og/eller badekar - nokre rom har heilt nye bad
  • Hårfønar
  • Skrivebord
  • Lenestol
  • 43” Flatskjerm
  • Telefon - til internt bruk
  • Gratis trådlaust internett
Brakanes Hotel Group