Standard rom

Standard romma våre har ulike storleikar og utforming. Dei fleste romma har teppegolv, men me har og 16 rom med parkettgolv.

Hotellet har rom som passar dei fleste behov; enkeltrom, dobbeltrom, familierom, rom med dør mellom og rom tillpassa rørslehemma. Me har òg rom med dør ut i hotellhagen som passar godt til folk som har med seg hund.

Alle standardromma våre er røykfrie, men me har nokre med balkong/utgang som kan nyttast.

Standard romma våre har:

  • Bad med dusj eller badekar
  • Hårfønar
  • Skrivebord
  • 22” Flatskjerm
  • Minikjøleskap
  • Telefon
  • Gratis trådlaust internett
Brakanes Hotel Group