Idylliske Ulvik
Med vår flotte plassering i rolege og idylliske Ulvik i Hardanger, passar hotellet ypparleg til weekendopphald, jubileumsfeiring, bryllaup, feriar eller kurs og konferansar. Hotellet har mellom anna fylgjande fasilitetar som våre gjester fritt kan nytte:
Uteområdet
Hotellet ligg nydeleg til i fjordkanten. Her kan ein fiska ifrå kaien eller ta seg ein liten dukkert i fjorden frå den fine sandstranda. Hotellet har ein stor hage der me kan servere alt frå enkle smårettar til full middag. Ynskjer du å vera aktiv er det mellom anna robåtar, kajakkar, kano og trøbåtar og utandørs tennisbane til disposisjon.
Restaurant
I restauranten kan du nyte god mat frå vårt tradisjonsrike kjøken med utsikt mot fjorden.
Barar og Salongar
Me har fleire salongar som byr til sosiale samkomer i ein avslappande atmosfære. I Bar Après kan du nyte god drikke i romslege omgjevnader eller du kan svinge deg til levande musikk i nattklubben vår Sara & Marta.
Leikerom
Borna kan boltra seg i fri dressur i vårt leikerom heile dagen, medan dei vaksne kan sitja ned og slappa av samstundes som dei har full oversikt over borna.
Treningsrom
Treningsrom med sykkel, stepmaskin, ro- og treningsapparat badebasseng, badstove, dampbad og solarium.
Trådlaust nettverk
Hotellet har trådlaust internett i heile hotellet som er gratis for våre gjester.
Aromaterapi
Doktergarden Aromaterapi tilbyr gode behandlingar. Ein liten rusletur frå hotellet finn du idylliske Doktergarden. Dei kan kontaktast på telefon 907 67 098. Les meir her.


