Vårt store og flotte jolebord
inneheld eit rikt utval av kalde
og varme julerettar. Her er det
garantert noko for ein kvar
smak.

JOLEBORD MED RAKKADEIS PÅ BRAKANES HOTEL
23. NOVEMBER - 8. DESEMBER

Jolebord på Brakanes Hotel byr på jolemat, kjekke aktivitetar til dømes jole-quiz og sidersmaking, dans og ei god seng å sove i for deg og dine.

Pinnakjøtet, rullepølsa, laksen og det meste av maten er  heimelaga og røykt i eldhuset på tunet.  Det kjennest på smaken!

I dansebaren Sara&Marta gyngar dansegolvet og me vekslar mellom DJ og levande musikk, og for dei som føretrekk rolegare høve er Bar Après perfekt. Jolebord på Brakanes Hotel er kjekt!

Me kan tilby buss-transport for grupper til og frå Ulvik, både for dei som skal overnatta og dei som vil reisa til og frå same dag/kveld.

Prisar:

Pris per person laurdag til sundag i standard dobbeltrom frå kr 1.595,-
Tillegg for enkeltrom, per døgn kr 300,-
Prisen inkluderer jolebord og stor jolefrukost, jolequiz om ettermiddagen og dans.

Om ynskjeleg kan me tilby fleire oppgraderingar av rom: Ny-oppussa rom i skandinavisk stil med fjordutsikt og balkong, juniorsuite og 2 store suitar. Sikra deg tidleg!

Aktivitetar:

I tilknyting til joleborda kan me tilby ei rekke opplevingar lokalt i Ulvik. Mellom anna kan me føreslå dette:

Syse Gard:
Omvisning, lunsj og biletframvisning i den nye gardsrestauranten samt mogelegheit for å handle i gardsutsalet. Her får de kjøpt alt frå heimelaga syltetøy, chutney, eplechips, eplesaft, pinnakjøt, fenalår og mykje anna godt til heimen og jolegåver. Til maten kan de kjøpe både øl/vin/hardangersider og kan hende heimebrygg. Mykje smak og god førjolsstemning!


Hardanger Saft- og siderfabrikk:
Omvisning og smak på Siderfabrikken er noko me anbefaler alle våre gjester.
Her får de omvisning i alle produksjonlokala, samt rikeleg med smaksprøvar på saft, sider, likør og eplebrennevin.

OLAV H. Hauge-senteret - Årest museum 2015 (150m frå hotellet):

Me arrangerer variert jolequiz laurdag ettermiddag. Flotte premiar med lokalt preg.

Olav H. Hauge-senteret opna hausten 2014 er eit dokumentasjons- og formidlingssenter for den verdskjende ulvikdiktaren Olav H. Hauge og hans kjente norske diktarvener. Utstillinga er aktivitetsbasert og ei kjekk oppleving for alle. I september 2015 mottok senteret prisen for årets museum, i konkurranse med mellom andre Munch-museet. Få smakebitar frå den grenselause poesi - alt frå Hauge til Vold, Shakespeare og Madonna.

Ulvikatorget (200m frå hotellet):
Ulvikatorget er ein felles utsalgsstad for mange lokale produsentar av mat, drikke og handverk. Her kan du handle flotte jolegåver.

Jolequiz
Laurdag ettermiddag klokka 16.30 arrangerer me quiz for alle jolebordsgjestene våre. Inntil 6 personar på kvart lag. Premie med lokalt preg til beste lag.
Varer ca 1 time.

Velkommen!

 

Bamse i full sving med røykinga av pinnakjøt. Røykinga vert gjort i eldhuset ute på tunet vårt. Me har i generasjonar lagt stor vekt på tradisjonsmat og bruk av lokale råvarer. Dette gjeld ikkje minst for våre julebordsrettar. Kokt, steikt, salta, grava, marinert, speka, luta..... Utvalet av fisk er stort, valet er ditt!

Brakanes Hotel Group