Hardanger Basecamp
Noko vi anbefalar er å ta seg ei utflukt til Hardanger Base Camp som held til i bygdegrenda Osa, 1 mil frå Ulvik. Her kan de mellom anna få delta på ei quiz-løype som tar seg inn i tunellar i fjellet og ut i det vakre naturlandskapet i Osa.
For grupper og bedrifter kan Robert tilrettelegge mellom anna lagbyggingsaktivitetar med Steinalderen som tema. Deltakarane kan mellom anna få prøve seg i spydkonkurransar, pil og boge skyting samt overlevingsteknikkar ute i det fri. Hjå Robert i Osa er det kun fantasien som set ein stoppar for kva ein kan finna på!


