Opplevingar & Aktivitetar
Hotellet ligg i sentrum av Ulvik like ved fjorden og er eit godt utgangspunkt for mange flotte opplevingar og aktivitetar i nærområdet. Her får ein alt frå adrenalinfylte opplevingar til kulturell føde.
Den storslåtte naturen inviterer til opplevingar heile året. Her er flott og variert turterreng, sommar som vinter. Kva med ein rusletur langs Siderruta og få smaksprøvar undervegs?
I NÆROMRÅDET:
Opplev Ulvikpollen med marin våtmark og over 80 fulgleartar. Ein kan delta på kulturhistoriske vandringar (merka sti), båttur på Hardangerfjorden, gardsbesøk på Uppheim og Syse Gard eller besøk på Hjeltnes Vidaregåande Skule.
Heilt innst i Ulvik ligg Holmen badestrand og idretts-anlegg. Her finn du ei flott og familievenleg badestrand, idrettsbane, tennisbane, sandvolleyballbane, og gressbane for fotball. Ulvik Vasskiklubb held til rett ved sida av idrettsbanen og tilbyr vannskikøyring for store og små på alle nivå.
Ulvik Turistkontor har sykkelutleige og kan kontaktast for meir informasjon om alle tilboda. ulvikturist@ulvik.org
FOR GRUPPER:
For grupper kan me arrangere ølbrygging på Syse Gard, besøk på Hardanger Saft og Siderfabrikk, siderkåseri på Hakestad gard, Siderrute - vandring, bålkos i lavvo.
Hardanger Basecamp i Osa tilrettelegg mellom anna for lagbygging med steinalderen som tema, spydkonkurransar, pil og boge- skyting, klatring, overlevingsteknikkar ute i det fri. Hjå Robert i Osa er det kun fantasien som set ein stoppar for kva ein kan finna på!
Dette er berre nokre av tilboda. Ta kontakt med vår salsavdeling for meir informasjon. booking@brakanes.no
-
Kurs og konferansepakke
Skal du arrangera kurs, konferanse, leiarsamling, kick-off eller events? Legg turen til Hardanger og eit av våre konferansehotell i Brakanes Hotel Group!
Les meir
-
Rock'n Roll & Beat weekend 21.-22. april
God stemning, glade menneske og høg dansefaktor med Askøy Beatclub heile helga til ende!For deg som likar å svinga deg til god og variert musikk! Quiz, jam og allsong står også på programmet.
Les meir
-
Siderslepp og Bløming 18. - 20. Mai
På frukt- og siderruta får du oppleve tre gardar som byr på omvisning og smaksprøvar på årets eplesider, lokale produkt, ekte hardangerkultur og vakre naturopplevingar.
Brakanes Hotel: Les meir





